loader
20. apr 2018 - 2. jun 2018
Teater- og Operasalen
Musikal, Plukk & miks, Teater
225.00 - 625.00 NOK

The Book of Mormon

Kilden Teater i samarbeid med Det Norske Teatret presenterer våren 2018

The Book of Mormon

Verdssuksessen kjem til Kristiansand og Oslo. Duoen bak den populære tegneserien South Park har laga ein overraskande og satirisk musikal om religion. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. No er temaet mormonarane.

Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har slept han inn. Det gjer vi. Med stjernekomikar Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. 

Humor med kjærleik 

– Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion, har skaparane av The Book of Mormon kalla musikalen. Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane. Det kunne like gjerne ha handla om ein annan religion. Dei vaks opp i Colorado, kjente mange mormonarar og dei elska musikalar.

– Mormonarar er så glade, så det måtte bli ein glad musikal av dette, seier dei. – Og så har dei jo ein heilt eigen skapelsesberetning. Å finne humor i det fornærmande og likevel gjere det med varme, er grunnen til at sjølv mormonarkyrkja har femna om musikalen og til og med kjøpt annonsar i programmet.

Suksess frå Broadway og West End 

The Book of Mormon hadde premiere på Broadway i 2011, og blei sett opp på West End to år seinare. Framsyninga trekker framleis fulle hus både i New York og London, og er no endeleg klar for eit sørlandsk publikum.

«gjennomført profesjonell og presis oppsetting på absolutt alle nivå» VG

«Showfaktoren er himmelhøy» Dagbladet

«Grenseløst frekt og uimotståelig morsomt» Aftenposten

«Utførelsen er like skarp og presis som pressen er i de svarte dressbuksene.»  Dagsavisen

«The genii of South Park hit Broadway, and history is made» Rolling Stone

«The best musical of this century» The New York Times

«Book of Mormon restores faith in musicals» The Washington Post

Bilder

Film

I rollene

KJØPE BILLETTER

april 2018

mai 2018

juni 2018

DET RINGER PÅ

FOR FRELSE!

Åpningstider:
Man–lør: kl. 11.00 – 16.00
Søndag: stengt